Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Truelink - robot og kunst

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Velkomen til vår neste Lunsj med påfyll, der vi får besøk av ein ung gründer som tek teknologi og kreativitet til nye høgder!

Kornelius Haugen (20) er dagleg leiar i Truelink AS, eit selskap som spesialiserer seg på design og robotteknologi. Kornelius har saman med faren og bestefaren gått saman om ei storsatsing på robotar for presisjonsarbeid.

Med investering i ein toppmoderne robot utvikla i Italia, står dei klare til å skape unike løysingar for utsmykking, landskapsarkitektur og andre spesialoppdrag. Robotteknologien representerer noko heilt nytt for regionen og kan bidra til å gjere Fjærland til ein spennande stad for innovasjon og skaparkraft.

På lunsjen vil Kornelius dele erfaringar om korleis ideen vart til, og planane for Truelink AS framover, inkludert korleis dei ønskjer å vekse og bidra til å styrke lokalsamfunnet.

Velkommen til Lunsj med påfyll!

Forrige
Forrige
28. januar

Kickoff: Reiseliv i Vik

Neste
Neste
29. januar

Pitchekurs