Arrangement framover
Vi held fram med å invitere til fleire kjekke arrangement gjennom våren. Onsdag 21 april arrangerte vi saman med ViteMeir ei flott markering av opninga av ein ny installasjon med tema berekraftig reiselivsutvikling.
Vi held òg fram med “Lunsj med påfyll” kvar onsdag klokka 11:30 i 2.etg på Innovasjonbygget, følg med på facebook og våre nettsider for oppdatering om tema. 31. mars inviterer vi til frukostmøte på Blix hotel i Vik. Her blir tema arealdelen til kommuneplanen, Sogn Utvikling og kommunale innkjøp som utviklar av lokalsamfunnet. Etter suksessen med næringspub i Balestrand for nokre veke sidan har vi sett opp to nye datoar. 18. april inviterer vi til næringspub på Fjøra Gastro & Pub og 19. april på Ciderhuset i Balestrand. Saman med fleire lokale aktørar arrangerar vi ein studietur 12-13 april med tema ombruk.
I tillegg jobbar vi med fleire spennande arrangement, så følg med i kanalane våre for å få med deg kva som skjer framover. Ta gjerne kontakt om du har tips til tema eller aktørar som er aktuelle for arrangementa!
Velkomne skal de vere!