Lunsj med påfyll 🥯
Lunsj med påfyll er ein lågterskel møteplass for deg som vil ha litt ekstra fagleg eller inspirerande påfyll i lunsjen! Vi inviterer gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller til og med drøymen sin med oss.
Ta med deg matpakka di, og ta turen til 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus Sogndal. Vi serverar kaffi og te, og er du heldig har Henrik fyrt opp svele-takka også.
Sogn Næring er sjølvsagd til stades både før og etter arrangementet om du vil slå av ein prat med oss.
📢 Fagleg eller inspirerande foredrag
👌 Arrangementet er gratis og opent for alle!
☕️ Vi byr på kaffi og te, og kanskje noko å eta på
Har du lyst til å fortelja om prosjektet ditt på Lunsj med påfyll, eller har du forslag til personar, prosjekt eller tema vi bør invitere? Ta kontakt med Henrik!

Kommande arrangement
Tidligare arrangement
Featured