/aktuelt

Vi jobbar kontinuerleg med å få med oss det siste som rører seg innan næringslivet i Sogn, og våre aktuelt-sakar er skrevet for å gi deg eit innblikk i kva som skjer og kva vi jobbar med.

aktuelt Bård Basberg aktuelt Bård Basberg

Så mange millionar bruker dei ulike partia på digital marknadsføring!

Ein valkamp handlar i stor grad om å få ut bodskapen sin til så mange potensielle veljarar som overhovud mogleg. I dagens digitale verd betyr dette synlegheit på nett, og annonsering på mellom anna sosiale medium for å nå ut til rett målgruppe og dei rette veljarane. Men korleis jobbar dei norske partia med dette? Og kor mykje pengar bruker dei?

Les mer
Sigrid Skjerdal Sigrid Skjerdal

Kva er partia i Sogndal sin næringspolitikk?

Straks kommuneval! Har du ikkje landa kva du skal stemme enda? Vi har gjort eit raid gjennom valprogramma til partia som stiller liste i Sogndal, og her er deira næringspolitiske kampsaker kort oppsummert.

Les mer
Sigrid Skjerdal Sigrid Skjerdal

Fjord X - samarbeid og historieformidling er nøkkelen

Fjord X og Haug gard har hatt sin første sesong med kombinert båttur og sidersmaking. Det har gitt meirsmak, og Arne Glenn Flåten i Fjord X trekk fram samarbeid med andre lokale aktørar og historieformidling som suksessfaktorar.

Les mer
aktuelt Karoline Myklebust aktuelt Karoline Myklebust

Heit Sogndal

Endelig er det eit badstovetilbod i Sogndal sentrum. Dette har Marianne Loftesnes å seie om oppstarta.

Les mer
aktuelt Sigrid Skjerdal aktuelt Sigrid Skjerdal

Tre-ekspertane på Kaupanger lagar prisvinnande kubbegolv

Eit kubbegolv av overskotsmateriale har fått DOGA-prisen for designet sitt, og prydar det nye DNB-lokalet i Bergen. Kvar det kjem frå? Kaupanger, sjølvsagt. Då VILL-kollektivet i Bergen fekk eit stort oppdrag frå DNB i Eiendom i Bergen, kontakta dei Timbla på Kaupanger. Dei stakk hovuda saman, og fann ut følgande: Are treindustrier hadde kapp til overs. Sogneprodukt har rasande flinke folk og lokale for produksjon. Timbla og VILL Opp har kompetansen på å selje og legge golv. Når desse driftige folka stikk hovuda saman, blir det fart i sakene og det nyvinnande kubbegolvet av overskotsmateriale kom til verda.

Les mer
aktuelt Line Bjelde aktuelt Line Bjelde

Lukke til vidare, Stian og Birgitte!

Dei av dykk som kjenner oss og som har fulgt oss ei stund har sikkert merka at det har vore litt endringar i organisasjonen. I 2019 var vi eit selskap med to stykk som jobba for Sogndal kommune, i dag er vi seks stykk fordelt på fem og eit halvt årsverk, og vi jobbar i heile regionen.

Les mer
aktuelt Sigrid Skjerdal aktuelt Sigrid Skjerdal

Ligg an til travel reiselivsommar i Sogn

Svak krone gir reiselivet i Sogn ein oppsving, og reiselivsbedriftene melder om god førehandsbooking for sesongen. Samstundes har næringa stort behov for arbeidskraft. – Bedriftene må vere klare for å ta imot studentar i praksis og som lærlingar, og vi og HVL kan bli betre på å knytte kontakt melloms tudentar og nærignsliv, seier reiselivsdirektøren.

Les mer