/aktuelt
Vi jobbar kontinuerleg med å få med oss det siste som rører seg innan næringslivet i Sogn, og våre aktuelt-sakar er skrevet for å gi deg eit innblikk i kva som skjer og kva vi jobbar med.
Konfirmert og klar for vaksenlivet
20. april var det 15 år sidan Sogn Næring vart skipa og dagen vart markert i Balestrand.
Vestlandskonferansen til inspirasjon og refleksjon
Programmet baud på innsikt, refleksjonar og tankar til inspirasjon og ettertanke. Som landets viktigaste vekstmotor gjennom generasjonar, bør Vestlandet bruke klimakrisa til å tvinge fram nye tankesett, nye løysingar og ny teknologi - Det krevst eit kvantesprang
God Påske!
I Sogn Næring skal påska nyttast på ulikt vis, nokon skal halde fortet i Sogndal, mens andre pakkar bilen og reise mot påskefjellet. Felles for oss alle er at vi tysdag 19. april er tilbake på kontoret og klar for å brette opp armane igjen.
Arrangementa våre - kva ønskjer du?
Etter påske intensiverer Stian Hofslundsengen arbeidet med arrangementa våre. Han vil gjerne ha innspel frå deg!
Næringseigedom
Flotte lokale for næring til leige i Vik, Kaupanger, Balestrand, Leikanger, Fjærland og Sogndal. Sjekk dei ut her.
While1Create Utviklarsamling
Sogn Næring, Rocketfarm og Digdir inviterar til utviklarsamling av og for utviklarar på Rockethouse 19. April klokka 14:00.
Sogn Næring 15 år
20. april feirar vi at Sogn Næring er 15 år. Jubileumsdagen vert det gjennomført generalforsamling i selskapet. Her kan styreleiar Agnar Holen legge fram årsmelding og rekneskap for selskapet.
Kartlegging av kompetansebehov i lokale bedrifter!
Sogn Næring fekk i oppdrag frå Sogndal kommune å gjere ei kartlegging av kompetansebehovet i lokale bedrifter i samband med at det er forventa å komme om lag 150 personar til kommuna som flyktar frå krisa i Ukraina. Vi fekk mykje tilbakemelding frå eit positivt næringsliv som ytrar eit ynskje om å bidra i den krisesituasjonen flykningane befinner seg i.
Travel innspurt til cruisesesongen – første skipet kjem skjærtorsdag
Sjøfronten får eit løft og skal vera klart til 14. april, då kjem første av 39 cruisebåtar til Vik. “Vi er heldige og har god tid frå første og andre anløp til det tredje. Det gir oss moglegheit til å gjere endringar dersom vi ser det er nødvendig.” Seie forretningsutviklar Karoline Myklebust.